Gunnar Anders Nakken

Trekkspelaren Gunnar Anders Nakken er død 80 år gammal

Minneord ved Ragnar Tomasgård (f 06 aug.1930-død 20 nov 2010)

Så er han borte. Trekkspelvirtuosen frå Fiksdal som levde og virka det meste av sitt liv i Ålesund med Musikkforretning og musikk hand i hand. For Gunnar var det trekkspelet som tidleg fanga interessa. Medverkande til dette var nok  at faren og ein eldre bror også trakterte instrumentet. Gleda var stor når han først fekk låne og seinare overta brorens trekkspel, og i tillegg fylgje med når broren hadde speloppdrag i område. Ikkje så lett å ta seg fram den tida, der det vinterstid kunne være so som so med skyss og snøbrøyting. Då dei fekk sertifikat etterkvart vart det å låne seg ein bil som greidde turen. Gunnar Fortalde at ein gong dei var på veg til oppdrag, svikta lyset på bilen. Men karane var ikkje rådlause. Dei stansa ved ein gard og så var det inn å låne seg ei fjøslykt, der den eine sette seg på panseret framme og signaliserte med handa kva veg svingane gjekk. Fram kom dei, og musikk vart det.

Flytting til Ålesund:

Gunnar var kanskje av dei som var flinke nok til å ha musikken som leveveg, men sikrare var det om ein hadde fleire bein å stå på. Det vart dermed starta med musikkforretning i Ålesund og den er framleis i drift. Tidene endrar seg, og då gitarar og forsterkarar overtok musikkarenaen trivst ikkje Gunnar så godt i forretninga. Mange var det som stakk innom for å prøve gitar, bass og trommer og anlegg. Dette kunne bli i meste laget med "lyd" for den følsomme musikanten.

Radioopptreden:

Gunnar var tidleg ute med radioopptredingar. Sendingane gjekk første tida direkte på nett. Gunnar hadde gode nervar og var sikker på knappane, så han fiksa det greitt. Medmusikantane har skifta ein del, men han har hatt ein trio som har vore intakt helt til det siste med bass og gitar og Gunnar sjølv på trekkspel. Han har og gjeve ut CD-ar og spelt med på ein del andre. Få spelar Bolstad musikken så godt som Gunnar gjorde der han var med Per Bolstad ensemblet på sine opptreingar på 50-alet og vidare framover.

Gunnar som komponist:

Gunnar spelte all slags musikk. Hadde sans for dei gamle trekkspelklassikarane som Frosini, gammaldansmusikk av alle typar trakterte han galant etter lyst og behov. Som dansemusikar tok han og med tidas populære tonar. Han lagde også egne melodiar, som var godt hørbare og brukbare. Vals på Tonland var oppkalla etter heimen som han bygde på Myrland på Blindheim ikkje så langt unna Spjelkavik. Han lagde også ein Rag (Rag in Rag) som svingar utruleg bra. Teknisk er den noko vanskeleg, men ikkje for Gunnar. Musettevalsar hadde han mange av, gjerne framført på eit Hohner musettespel der dei kom til sin rett. Eg kjende Gunnar som dansemusikar i min ungdom når vegen gjekk innom Ålesund. Fjellstua var ein av plassane der ein kunne vente å finne han da "Stua" hadde sin glanstid i 50-60 åra. Elles opplevde eg Gunnar på Musikktreff litt rundt omkring i Geiranger på Belgiaden, Hausttreffet i Honndalen, og Grotli-treffen og  Bolstad-treffen  i Stryn. Ikkje alltid var han lysten til å opptre, men var han i slag og hadde spel for hand, kunne ein oppleve tilgangs kva musikalske ferdigheiter og kvalitetar han sat inne med. Fleire dyktige utøvande musikantar fekk bakoversveis når Gunnar tok laust.

Sans for Gamle Spel:

Gunnar sleit nok ut nokre spel i løpet av sin karriere. Han likte å holde dei oppjusterte og i god i stand. Ei historie gjaldt ein sjømann som var innom ei musikkforretning i ein hamneby i Danmark. Der hadde han funne Toralf Tollefsen sitt gamle spel som låg havert i ei pappkasse i butikken. Vraket låg vel i bitar og prisen var vel ikkje all verden. Han kjende godt Gunnar og tok ein telefon til han mens han var i forretninga. Svaret kom omgåande: Kjøp det!  Det måtte ha ei stund med "trekkspeldoktor" i Langevåg, men han fekk det på bana igjen som pensjonert klenodium til bruk ved spesielle høve.

Siste runde:

Gunnar rakk å feire 80 års dag før sjukdommen tok tak i han. Han fekk og være spelbar til siste haust, og fekk soleis ei aktiv virketid med trekkspelet på over 70 år, lange periodar svært aktiv, men ved sida av hadde han familie og drift av forretninga. Har var nok ein JA-MANN  som sjeldan sa nei til eit oppdrag om han hadde høve til å hjelpe. Siste åra fann vi han ofte saman med Ørskog og omegn Trekkspelorkester. Her fekk han være med å inspirere fleire unge lovande talentar.

Vi lyser fred over hans minne og kjem avgjort til å sakne han i miljøet. Våre tankar går til kona Laura, dei fem borna og eit dusin borneborn der vi får håpe nokon vil prøva seg i Bestefar Gunnar sine fotspor.

Grethe og RagnarT